Skal, skal ikkje

Eg synest at dei vanskelegaste oppgåvene å kome opp i som tillitsvald, er møte med enkeltmedlemmer som har problem i livet sitt som kan virke inn på jobben dei skal gjere. Dette opplevde eg sjølv særleg sterkt som tillitsvald på arbeidsplassen.

I møte med arbeidsgjevar kunne eg vere tøff – på alle nivå. Om det var i møte med rektor på skulen eg jobba på, med fylkeskommunen som hovudtillitsvald eller seinare som leiar i Utdanningsforbundet, med KS. Det å stå på krava, å kjempe for det eg trur på og som eg meiner profesjonen og medlemmene i fagforeininga har rett på, det kan sjølvsagt også vere krevjande. Det er ikkje enkelt å vinne fram og få gehør for argument og krav. Når eg står i slike situasjonar, som til dømes løns- og pensjonskamp, kan eg bli provosert. Eller sint. Ja, til og med oppgitt og lei meg.

Sjølv om eg no kjenner på ansvaret for Unio sine 350.000 medlemmer,  så er det likevel ein distanse til stades. Distanse fordi det er ein kamp om sak. Eg er heile tida bevisst på kva vi kan vinne og tape på vegne av medlemmene, og at løysinga får konsekvensar. Men dette er kampar der det er snakk om å gi og ta, om kompromiss,  om å svelgje nokre kamelar for å vinne noko anna som er viktigare.

Dette er ikkje det perspektivet eg kan ta i møte med enkeltmenneske. Når det står ein kollega framfor deg med problem, då kan eg ikkje møte ho eller han med same distanse. Då kan eg ikkje drive hestehandel. Og då kan eg ikkje tenke at vi kan vinne i neste lønnsoppgjer. Oftast er det ikkje ei sak som gjeld for heile kollegiet eller alle medlemmene. Det er ei sak som gjeld denne eine personen. Og som får konsekvensar for berre ho eller han og dei næraste. Då blir dei grepa ein tar med eitt mykje meir alvorleg. Konsekvensane kjem tettare på, og ansvaret kjennast tyngande på ein annan måte. Fordi eg veit det er enkeltskjebnar det gjeld.

Difor var også slike personlege sakar det eg følte som mest krevjande som tillitsvald. Kollegaer som kom til meg med personlege problem, måtte eg forhalde meg til på ein heilt annan måte. Eg kunne ikkje distansere meg, men tok problema inn og kunne kjenne på dei same kjenslene som kollegaen min. Då kom også dilemmane. For som tillitsvald skulle eg vere der for mine medlemmer. Men eg hadde også ei plikt til å varsle om sakene var av ein slik karakter at det var fare for andre eller for jobben som blei gjort. Og eg var bevisst dei konsekvensane vala mine kunne få. Skulle eg, eller skulle eg ikkje melde i frå då eg fekk vite at eit av mine medlemmer lukta alkohol på jobben. Kor alvorleg var problemet? Førte det til dårlegare undervisning? Syntest elevane det var ubehageleg? Levde nokon av elevane sjølve i familiar der foreldra hadde alkoholproblem? Og kva om eg varsla arbeidsgjevar? Ville han eller ho få sparken? Ville det bety at ein heil familie ble ramma? Ville han eller ho få hjelp, eller ville vedkommande bli støtt ut i mørket, og åleine?

Det var dette eg kjende på då eg las Akan sin rapport «Du, av alle». Der blei ti sjukepleiarar som hadde stjåle og misbrukt medikament, intervjua. Det er sterke historier. Den viste ti heilt ulike årsaker for misbruket. Og ti ulike skjebnar. Og ikkje minst; rapporten gir eit bilete av kor ulikt arbeidsgjevarar møter dei menneska som blir råka. Arbeidsgjevars møte med den enkelte, var heilt avgjerande for korleis sjukepleiaren klarte å leve med det ho hadde gjort. Straffa ved å misse autorisasjonen som sjukepleiar, og dermed jobben som sjukepleiar, var hard nok. I tillegg kom skamma, den økonomiske byrden, og kampen for å kome ut av misbruket. Rapporten viser heilt tydeleg at dei som klarar seg best, er dei som har ein arbeidsgjevar som vil hjelpe og støtte, og ikkje fordømme og avvise. Ho som fekk tilbod om annan jobb, klarte seg ut av problemet med stoltheita nokså intakt. Dei som ble skjøve ut i mørket, sleit naturleg nok meir.

Det som overraska meg, var at den tillitsvalde ikkje hadde ein naturleg plass då desse sakene dukka opp. Kanskje fordi ein sjukepleiar som misser autorisasjonen automatisk misser medlemskapet sitt i fagforbundet. Men i det problemet blir kartlagt, er jo vedkommande medlem i forbundet og bør få støtte frå den tillitsvalde. Også som tillitsvald i slike situasjonar er det heilt avgjerande at ein kan kjenne seg trygg på at arbeidsgjevar har ein inkluderande policy og ein plan for oppfølging og hjelp. Det skal ligge i ryggmargen at dei som slit skal møtast med inkludering og støtte, ikkje med avvising. Det vil også gjere jobben som tillitsvald mykje enklare. Og ein vil ikkje måtte tenke: «Skal, skal ikkje» når spørsmålet om å varsle vidare dukkar opp. Ein skal vere trygg på at den som treng hjelp får nettopp det; hjelp.

Del ...Share on FacebookTweet about this on Twitter