Pengespelreklame i beste sendetid

Tenk deg at du slår på tven saman med barna ein ettermiddag. De skal sjå ein fotballkamp, der favorittlaget til guten i huset er eit av laga. Før kampen er det ekspertintervju og kommentarar, men reklamepausen før avspark er full av reklame for øl og brennevin. Favorittlaget tek leiinga rett før pause. Igjen reklame for både øl og brennevin. Klarer du å stå imot?

Denne freistinga vil du ikkje bli utsett for i Norge, i alle fall ikkje på grunn av alkoholreklame. Vi ser at dei utanlandske Tv-kanalane respekterer det norske forbodet mot reklame for alkohol. Men byttar vi ut alkohol med pengespel, er det dessverre ikkje lenger eit tenkt eksempel. Daglig sender kommersielle tv- kanalar reklame for pengespel som ikkje har norsk løyve: Når det er store sportshendingar ser reklametrykket ut til å vere større. Potensielle kundar blir lokka med gratisspel og bonusar av det eine selskapet etter det andre.

Dei utanlandske spelselskapa og tv- kanalane som sender reklamen, utnyttar det såkalla tv-direktivet i Eu- retten. Tv- direktivet legg lovgjevinga i sendarlandet til grunn for kva som kan sendast på TV. Det betyr at ein tv- kanal  som er etablert i Storbritannia sender pengespelreklame derifrå, fordi britisk rett tillet marknadsføring av desse pengespela på tv. Og den utanlandske pengespelbransjen brukar store summar på marknadsføring. I 2015 brukte dei ifølgje Medietilsynet 609 millionar kroner.

Men også Norsk Tipping og Norsk Rikstoto brukar store ressursar på reklame. Du møter reklamen på butikken, på tv, i avisene og på nettet. Dei kan marknadsføre spela sine for å få spelarane til å bruke dei norske lovlege spela framfor dei utanlandske ulovlege, og brukar ikkje gratisspel og bonusar som lokkemiddel. Men også denne lovlege reklamen er eit av punkta som skaper debatt når Stortingsmeldinga «Alt å vinne» om norsk pengespelpolitikk blir diskutert i desse dagar.

Kva får pengespelbransjen for reklamekronene? Kor stort er eigentleg omfanget av reklame for pengespel? Korleis opplever spelarane reklamen? Fører marknadsføringa til at fleire får problem? Vi veit ein del om konsekvensane av marknadsføring, men ikkje nok. Difor er eit av tiltaka i regjeringa sin handlingsplan mot speleproblem forsking på dette området. Lotteritilsynet har nettopp gitt Rambøll Management Consulting oppdraget med å kartlegge omfanget av pengespelreklame retta mot norske forbrukarar- både frå dei lovelge norske operatørane, og dei utanlandske utan norsk løyve. Vi vil vite korleis spelarane opplever reklamen, korleis element i marknadsføringa kan utgjere risikofaktorar for speleproblem og mykje meir. Forskinga skal gjennomførast i løpet av 2017. Lotteritilsynet vil bruke kunnskapen til å prøve å beskytte spelarane endå betre.

For det totale omfanget av pengespelreklame aukar. I 2016 brukte dei utanlandske spelselskapa, igjen ifølgje Medietilsynet, 742 millionar kroner på tv- reklame retta mot Norge. Når det gjeld reklamen som blir sendt frå utlandet, set pengespelselskapa også sin eigen bransjestandard til sides. I Storbritannia har nemleg spelbransjen på eige initiativ forplikta seg til eit såkalla vass-skiljeprinsipp. Pengespelreklame skal hovudsakleg sendast mellom klokka 2100 og 0530, for å beskytte barn og unge. Men Medietilsynet har påvist at tv- kanalane FEM, MAX, TV3 og Viasat4 sendte 71 prosent av all reklame for pengespel før vass-skillet klokka 2100.

Difor vil du framleis kunne møte reklame for pengespel når du skal sjå fotballkamp med barna – sjølv tidleg på ettermiddagen.

 

 

Del ...Share on FacebookTweet about this on Twitter